torsdag 1. oktober 2009

Nattevakter og "siden sist"

Nå sitte eg her ein torsdag kveld halv 11. Eg drøyer med å legge meg sidan eg skal på opplæringsnattevakt i mårå, og har i kveld ein gradvis tilvenning, og for å kunne sove lenge i mårå. Det vert spanande å gå på nattevakt, men litt skummelt og. Det er jo ingen å spør dersom eg skulle ha behov for det. Så det er godt med ei opplæringsnattevakt før eg skal gå nattevakter aleine neste veke. Eg har for øverig også fått jula-nattå, noko som betyr 133% + nattevaktstilleggene=) Det vert det penger av=)


Ferie har me visst og hatt. Først samla me sauene frå fjellet, for deretter å ha ei veke i Tyrkia, Side. På fjellet så gjekk me i skodde for å finne sauene, lette sagt enn gjort siden sauene er kvite og skodda er grå. Men ein fin opplevelse. På den store skilledagen sto eg i slaktegardene å sendte lamma som skulle til slakt inn i sine respektive garder. Ein heilt grei og tankelaus jobb=)
Tyrkia var deilig og avslappenede. Late dager på standa og nyte kveldene med god mat og drikke. Virkelig etterlengtet i dette haustmørket. Bilete til høgre er av ein tyrkisk gut under ein konsert som vart holdt der nede (var visst ei av tykias mest berømte og populære artister som holdt konsert der den eiene kvelden) som prøver å tenne på det tyrkiske flagget med eit stjerneskudd. Dei delte ut stjerneskudd og tyrkiske flagg før konserten. s€yntes det var eit blinksudd eg:p Dei kunne det å lage stemning før konserten altså. Det var også fyrverkeri, det fineste eg har sett så lenge eg kan hugse!




















Eg har også vært ein tur innom teateret med Kristine og Stine for å sjå Romeo og Juliet, ein kjempe forestilling som eg likte veldig godt. Det var ein rocka framsyning som falt godt i smak hjå meg. Eg likte best hu amme til Juliet (tjeneren til Juliet). Hu var så morsom å spelte rollen sin med ein innlevelse som eg aldri før har sitt. Har bare eit ord for prestasjonen hennes, morsomt! Det var nesten som det gav mersmak å gå på teater, men bare nesten?!
Nå er det også pepperkaker i butikkene. Syns i år, som i fjor, at dei er tidlege med å få julevarene i butikkene. Godt julestemingen lar vente på seg:p