onsdag 18. november 2009

Kino!

Eg jobber ikkje ekstra på fredag bare for å få dagen til å gå altså. Men ja, eg skal på den etterlengta kinoen Twilight New moon sammen med Kristine og Stine. EG GLER MEG!!!
Det er filmatisering av bok nr 2 i serien Twilight. Det er til nå skreve 4 bøker der eg nå holder på å lese bok nr 4, breaking dawn. Serien er skreven av den supre forfattaren Stephanie Meyer. Anbefaler bøkene på engelsk da ein får best leser opplevelse ved å lese ei bok på orginalspråket.

torsdag 1. oktober 2009

Nattevakter og "siden sist"

Nå sitte eg her ein torsdag kveld halv 11. Eg drøyer med å legge meg sidan eg skal på opplæringsnattevakt i mårå, og har i kveld ein gradvis tilvenning, og for å kunne sove lenge i mårå. Det vert spanande å gå på nattevakt, men litt skummelt og. Det er jo ingen å spør dersom eg skulle ha behov for det. Så det er godt med ei opplæringsnattevakt før eg skal gå nattevakter aleine neste veke. Eg har for øverig også fått jula-nattå, noko som betyr 133% + nattevaktstilleggene=) Det vert det penger av=)


Ferie har me visst og hatt. Først samla me sauene frå fjellet, for deretter å ha ei veke i Tyrkia, Side. På fjellet så gjekk me i skodde for å finne sauene, lette sagt enn gjort siden sauene er kvite og skodda er grå. Men ein fin opplevelse. På den store skilledagen sto eg i slaktegardene å sendte lamma som skulle til slakt inn i sine respektive garder. Ein heilt grei og tankelaus jobb=)
Tyrkia var deilig og avslappenede. Late dager på standa og nyte kveldene med god mat og drikke. Virkelig etterlengtet i dette haustmørket. Bilete til høgre er av ein tyrkisk gut under ein konsert som vart holdt der nede (var visst ei av tykias mest berømte og populære artister som holdt konsert der den eiene kvelden) som prøver å tenne på det tyrkiske flagget med eit stjerneskudd. Dei delte ut stjerneskudd og tyrkiske flagg før konserten. s€yntes det var eit blinksudd eg:p Dei kunne det å lage stemning før konserten altså. Det var også fyrverkeri, det fineste eg har sett så lenge eg kan hugse!




















Eg har også vært ein tur innom teateret med Kristine og Stine for å sjå Romeo og Juliet, ein kjempe forestilling som eg likte veldig godt. Det var ein rocka framsyning som falt godt i smak hjå meg. Eg likte best hu amme til Juliet (tjeneren til Juliet). Hu var så morsom å spelte rollen sin med ein innlevelse som eg aldri før har sitt. Har bare eit ord for prestasjonen hennes, morsomt! Det var nesten som det gav mersmak å gå på teater, men bare nesten?!
Nå er det også pepperkaker i butikkene. Syns i år, som i fjor, at dei er tidlege med å få julevarene i butikkene. Godt julestemingen lar vente på seg:p

mandag 31. august 2009

Høstlige tider

Nå sitte eg å ser på TV med tente stearinlys, ein mann i dusjen og venter bare på Grey`s Anatomy!!! Eg gler meg i hel! Første episode i kveld, og andre allereie i mårå!!! Ellers så begynne Jakten på kjærligheten og nå snart, så nå er det skikkelig kveldskos=)

Torbjørn var på første brannmann samling i dag og syntes det var knall. Så nå har han fått med seg calling heim.. Det vert ei spanande tid framover..

Sonja viste seg å vær drektig!!!!!!!! Sett på ultralyd nede på Fosse (!) kjempe gøy!!! Håper bare hu ikkje kaster, så me krysser fingrane for at det vert føll neste sumar rundt om juli månad=)

Vidare skal eg snart ut i vakt, turnus. Først skal eg ha to veker ferie, for deretter å jobbe kveld første fredag etter endt ferie. Skrekkblanda fryd der ja. Både skummelt og spanande=)

I helga skal me ta ned sauene frå fjellet. Torbjørn fere inn på torsdag eller fredag, han skal vær med å hente dei sauene som er lengst inne i fjellet (ikkje langt frå Litlos), mens eg reiser inn på laurdag å vil sanke sauer søndag og mandag, men oppholde meg på den same hytta. Det kjem nok til å verte kjekt og spanande sidan eg ikkje kjenner nåken av dei folka eg skal vær med. Eg får ta med meg ei flaske eller to med vin så satser eg på at eg sit igjen med mange nye bekjentskaper etter helga. Tirsdag er for øverig den store sankedagen, alle sauer kjem ned å vært skilde og enten sendt heim eller på slakt=)

tirsdag 11. august 2009

Farm Town, hest og andre ting..



Som dåkke sikkert forstår så har eg og Torbjørn engasjert oss for dette kjekke og enkle spillet på facebook, nemlig Farm town. Der er du ein bonde og gjer bonde arbeidsoppgåver, og du kjem deg lengre og lengre opp i nivå dess flinkere du er, dvs dess mer høsting, såing og pløying du gjer av jorda di. Ganske morsomt spill med mange tilhengere=) Torbjørn har ikkje sin eigen facebook profil, så han låner stadig min profil for å sjekke innom denne farmen;)
Ellers denne sumaren har eg blant anna vert hønsa-bonde og gartner ei lite veke. Det var mens svigers var på ferie. Så då har eg henta egg (og åte egg) pluss vatna i drivhuset deira og vert på agurk-slang:p Nam masse agurk og egg spising har det vært=)

Ellers har eg fått låne meg ein hest nå. Lontå hette hu, ein avdanka traver så ikkje synst det var så gøy å springe på travbanen. Det er hesten ti l Onkel Geir (onkelen til Torbjørn i Stavanger), ein flott hest sådan. Kjempe kjekke å ri, og til tider så går det ganske så fort! =)Nå er det heller ikkje lenge til eg skal ha ferie. Er satt opp på ferie 2. vekå i september. Planen då er å være med å ta ned sauene frå fjellet, pluss ein liten tur til syden som me planlegger å finne på restplass nåken dager i forveieg. Satser på at det går fint vettu;)
Alt kjekt på jobb, masse å lære før eg kan gå ut i vakt, men eg stortrives! Snakkes (på Farm town?)!

mandag 27. juli 2009

Safting og sånn..

Nå har eg safta aleine for første gang i mitt liv, og det var faktiskt vellukka=) Eg har i alt safta to gonger, tilsaman 8 kg bær! Eg har riktignok ikkje henta alle bæra sjølve, eg fekk mykje bær frå frysaren til mamma;) Eg blanda saman solber, ripsber, bringebær og jordbær. Nam nam!


Ellers er me nesten ferdig å skifta kledningen, terrassen er nesten ferdig, nye vindauger på framsida og ein liten om-møblering i ståvå. Resultatet vart ganske bra, og eg er strålande fornøgd. Eg gler meg til terrassen er heilt ferdige og me kan nye lange kvelder på den=)

Til helga skal me ned til Stavanger til tanten og onkelen til Torbjørn, der så Sonja er på ferie. Onkel Geir har orden på syklusen til Sonja, og hu skal i følge han ha brunst nå til helga dersom ho allereie ikkje er vorte drektig. Så eg håper vel eigentleg at hu ikkje får brunst, og at hu dermed viser teikn til å være dreiktig. Eg kryssar fingrane=) Kanskje vert det føll med på bryllaups biletene til neste år;)

Sonja som koser seg på hingste-beite:p

Fortsatt god sumer folkens!

lørdag 11. juli 2009

Sommer og jobb og andre ting

Tida flyr!!! Eg har begynt å jobbe, så dagane har gått i jobb og skifte kledning på huset. Torbjørn er ein flink kar som står på å jobber dagen lang, med meg og Tore (svigerfar) som "aktive" hjelpere. Resultatet vert flott altså!

Ingen føll i år vart det heller, så nå er hu (Sonja) på ny tur til Stavanger for å prøve lykken i år<3>

Videre er kyrkje og festlokale til bryllaupet bestillt og reservert. Det vert bryllaup neste år 19. juni, visettelse i Skjoldastraumen kyrkje (ikkje fastsatt klokkeslett) og mottagelse i festlokale på vandaskog skule. Eg gler meg verkeleg!
For øverig blomstrar hagen vår godt. Bare sjå sjølve=) Ha ein fortsatt god sumar alle saman!

søndag 21. juni 2009

Velkommen til Sveio, bioingeniøren Anita!

Når er eg endeleg ferdig med utdanninga mi! Nå har eg ein bachelor på CV`en som viser at eg er ein autroisert bioingeniør. No manglar det bare vitnemålet som kjem i posten dei nærmaste dagane=) I mårå byrjer allereie første dag på jobb på laboratoriet på Hgsd sjukehus, men eg gler meg og er veldig klar til å gå ut i arbeit.


På laurdag fekk eg (!) post (vanlegvis bare Torbjørn som får post i denne heimen:p)! Den var frå Sveio kummune, og det viste seg at dei hadde sendt meg ei skattekiste. Ei skattekiste som ynskja meg velkomen til Sveio, og takka for at eg hadde vald Sveio som min bustadskommune. Hyggeleg det. Ellers inneheldt skattekista kart over Sveio, gratis Vestavind i 3 mnd (men det har me frå før), telefon nr til mange ulike organisasjoner og foreninger, ja alt ein treng å vete om sin bustadskommune. Takk for velkomsten Sveio!!!=)

søndag 14. juni 2009

Siste veke i Bergen!

Då trer eg snart inn i mi siste veke her i Bergen=) Og det merkest skal eg sei dere!! Har rydda ut av hybelen nå å sitter igjen med kun ei sko-hylle (fungerende natt-bord og databord), feltseng frå IKEA, strykebrett (stryke bunadskjorten til avslutningen på onsdag) og terrasebord som fungerende TV bord. Eg har lenge undra på om eg verkeleg kunne ha igjen TVen her i Bergen da det er ein stor og tung sak. Eg frykta rett å slett at eg ikkje ville kunne bære den ned i bilen min aleine på torsdag. Det hadde vorte ei kjedeleg veka utan TV!! Det viste seg då, som antydet, at eg klarte vertfall å løfte å flytte litt på TV her inne på hybelen, så nå står det nå her. Så får eg bare krysse fingrene for at eg får det i heile deler ned i bilen når den tid kjem=)


Eg skulle vel eigentleg i skrivande stund vært litt meir skuleflink og lest og øvd meg til framsyninga i mårå (eksamensoverhøring i bacheloroppgåva), men eg er rett å slett møkk lei heile bakkelorten. Har jo tross alt jobba med den i tre månader nå, dessutan trur eg eg kan stoffet ganske godt. Viss sensor spør for vanskeleg får eg vel heller satse på at faglærar vil kunne tre støttende til:p


I helga var eg og Torbjørn ute å åt nede på bryggen, på Harbour cafe og resturant (trur det var det den hette) veldig god mat vertfall. Videre gjekk me langs festningen på bryggen (alltid tatt bussen forbi der og hatt kjempe lyst til å ta turen der sjølve) før me tilslutt gjekk på kino, Engler og Demoner. Ja, eg vet me er seint ute med å sjå den, men beitre seint enn aldri! Uansett ein kjempe film, litt skummel (eg satt ved siden av ei dame i 50-årene og me satt begge med fingrer i ørene på de litt skumlere scenene, sikkert litt av eit syn(!)), men ein god filmatisering av ei god bok!

onsdag 10. juni 2009

8 dager!

I går då eg tok min siste tur til Bergen i skulesamanheng så var sjølvsagt den fjera eg sko ta kansellert(!) Takk Fjord 1 for at dåkke gjorde den siste turen min opp til Bergen så lang!!



Nå er det kun åtte dager til eg flyttar him for godt! Det som gjenstår nå er å øve på framsyninga som me skal ha mandag kl 09.00! Mandag kveld skal me på gruppa ut å ete pizza på peppes, nytte gåvekortet som me fekk av NOKLUS. Kanskje vert det eit par øl og? Kven vet?;) Tirsdag og onsdag er det EXPO der me vil ha ein plakat og stand der me vil presentere oppgåva for "allmennheten". Me skal i tillegg til ein plakat ha dart på vår stand. Med darten skal vi visualisere begreper som presisjon og nøyaktighet, samtidig som forbipasserende også kan teste deira presisjon og nøyaktighet. Det vert nok kjekt det=)




Torbjørn kjem opp i helga for å hente det store flyttelasset. Må jo få allt rapen him igjen. Eller så har me fått lagd oss bed hima i Sveio, rydda litt utforbi, rundballa i helga og i skrivende stund forhauster Torbjørn hima i Sveio. Eg sko gjerna vert med å stå i siloen, men det får heller vente til andre slotten.


Sånn i forbifarten kan eg også få med at eg har nå kjøpt meg brudekjole(!) ein heilt fantastisk ein sådan!! Det var opphørssalg på Amor i Haugesund, alt skal ut. Eg nytta dermed anledningen til å prøve kjoler, og endte opp med å kjøpe både kjole, slør, sko og tiara!! Ja, ja sånn kan det gå:p


I kveld skal eg til ei i klassen å saman skal me heie på handballgutane fram til seier!! Heia Noreg!

tirsdag 2. juni 2009

Levert!

I dag leverte me bachelor oppgaven! Me hadde planlagt vertfall 3 dager til trykking, men da vi leverte den til trykk tok det kun 30 min før me spaserte ut av allkopi med 8 eksemplarer av bacheloren under armen, nei i ein pose meiner eg sjølvsagt! Det var vanvittig deilig å ha fått den trykket og levert. Nå er det niks more å fikse på!! Nå skal me bare lage sammen ei mappe med forskjellig andre ting som sjølvrefleksjon, stausrapporter og div før heile oppgåva er fullstendig levert!

Det som gjenstår på timeplanen nå då er å lage ein plakat til EXPO stand (ein stand for å vise fram oppgåven på skulen som utenforstående kan beskue) og eksamen presentasjon den 15. juni. Men den presentasjonen er jo den same som den som me hadde på NOKLUS, så det trur og håper eg er i boks. Deilig altså! Nå ser eg verkeleg ein ende på min tid som student/elev!!

onsdag 27. mai 2009

Turist i Bergen

I dag hadde vi framsyning for NOKLUS (dei me har skreve bachelor oppgåva for), og det gjekk kjempe bra. Me fekk gode tilbakemeldinger, og hint om kva som kunne gjøres beitre til eksamen framsyninga. Me fekk også eit gåvekort på 400,- kr på Pepper pizza til å kose oss med. Kjempe gøy=)



Siden det bare var framsyninga så stod på kalenderen min i dag valgte eg med å gå ein tur, og bestemte med for å vitja Troldhaugen museet, heimen til Edvard Grieg. Sidan eg er student betalte eg kun 30,- i inngangspenger. For øverig var det ein lang tur å gå. Troldhaugen ligg ikkje så langt frå Nesttun som ligg 6 km frå der eg bur. Å sidan eg var i nærleiken av Nesttun tok eg likagodt turen heilt inn, kjøpte meg ein is og tok bussen tilbake. I det eg kom inn døra til hybelen opnet slusene seg og det hølja ned med regn. Kan ikkje sei anna enn at det var veldig bra beregning!=)


Tilbake til Troldhaugen. Ein fine plass, men eg vart litt skuffa. Eg hadde trudd at det skulle vær av samme kaliber som Gamlehaugen, men det var det ikkje. Det var eit lite hus han bodde i. Men det var ganske kult å sjå graven til han og fruen hans. Dei er gravlagt inni eit berg med ein fin utsmykkin til å dekke over gravå. Ellers var det ganske heimakosleg i huset hans=)


Heimen til E. Grieg
Gravå til Edvar og Nina Grieg. Ligg inni fjellet til høgre nedanfor huset deira.Komponist hytta. Her satt han å skreiv mange av sine verk. Den ligg på venstre side litt nedanfor huset.Konsertsalen som er bygd i den seinare tid. Ein verkeleg flott sal med utsikt utover havet gjennom vindauget heilt framme i salen. Biletene er henta frå internett sider då eg ikkje klarte å laste opp biletene frå mobilen. Trur den kabelen eg har til å overføre biletene frå mobilen til dataen har sånn dagsform. Av og til vil den virke, av og til virker den ikkje.

mandag 25. mai 2009

Photoscape!

Nå har eg leikt meg litt på photoscape og her ser dykk noko av det eg har laga. Ganske greitt og enkelt program å bruke som med litt kreativitet kan verte bra!


Nå er det for øverig siste innspurt i bachelor rapporten. Den skal i trykken neste tirsdag, så nå er det kun siste fin-puss. Det er forøverig 25 dager til eg er ferdig utdanna (sett at eg består på bacheloren). Videre har eg også fått turnusen for sumaren, kun dag-vakter på meg denne sumaren og, og kun tre jobbhelger. Det vert nok ein fin sumar dette ja!!!=)

tirsdag 19. mai 2009

Av og på blogger

Eg er litt sånn av og på blogger har eg funne ut. I ein periode kan eg oppdatere bloggen titt og ofte, ein anna periode gidde eg ikkje, eller så er det ingenting å skrive om.. Menne ja.. Siden sist har jo Torbjørn vorte 25 år! Ingen feiring, me for heller på grill-fest til nåken venner av oss. Torbjørn sko på jobb lørdagen (16 mai kamp) så han tok seg ein rolig feiring. Me gjekk ut å åt lørdagkveld på ein kinaresturant i byen for å feire hans dag og 1,5 års forlovelsesdag den 17. mai=)



Ellers var eg glad da Alexander Rybak tok seieren i MGP. Virkelig fortjent!! Syns nå hu Svabø damå var litt morsom og eg, men hu gjekk over grensa eit par ganger ja:p




17. mai feiringa er for små born, ikkje for meg vertfall. Det er ein kjedelig dag, vertfall er det vorte det dei siste åra. Eg liker meg ikkje i Haugesund den dagen, men det gjer jo "alle" andre. Nei, neste år vert det Sveio på oss!
Nå er eg i Bergen og skal liksom jobbe med denne "bakkelotren" (bacheloren), men etter all denne jobbinga byrjer eg å vorte lei nå. Sitje å rette skrivefeil, omformulere setninger, sjekke avsnitt osb. Å dåkke må ikkje tru at så snart me har levert den fra oss så er me ferdig. Nei, me skal ha både muntelig overhøyring, powerpoint presentasjon for sensor og for NOKLUS (som me har skrevet oppgavå for), og til slutt skal me ha ein plakat-stand på skulen i to dager som er open for alle osm vil komme å sjå, og spørje oss ut om divere uklare ting. Så det passer med andre ord dårlig å vær lei av "bakkelorten" allereie!

torsdag 14. mai 2009

Turølen



I dag har eg, Marte og Christer gått opp på Ulriken, ikkje at det er nåke å skrive om. Men cafeen og resturanten oppe på Ulriken er nå opnet. Ein kjempe fin resturant! Lysten vart for stor for meg og Christer, så det vart kvar si øl på oss=) Første utepilsa mi=) Marte som ikkje liker øl nøyde seg med colazero;) Kanskje det vert fleire turar til Ulriken nå som ølen freistar, kim vet?

onsdag 13. mai 2009

Sykkeltur til "kongeparken"

Det er kjedelig i Bergen for tida.. Bacheloren er me nesten ferdig med, kun litt små puss og fiksing, korrektur osv. Det er sånn at me levere inn til veileder, veileder trenger ein dag kanskje to på å lese gjennom, me får tilbake rapporten retter alle feil i løpet av 24 timer, levere inn på nytt, får tilbake og retter igjen nye feil og nye synspunkter om det meste.. Mange korte dager på skulen, gjer lange dager på hybelen.. Kjedelig!! Eg vil him!


Så då må eg jo fylle dagene med diverse andre ting. I dag tok eg meg ein sykkeltur til Gamlehaugen, ein eigendom eigt av staten, også kjend som kongens residens når han er i Bergenby.
"Gamlehaugen ble bygget i 1900 av Christian Michelsen og har vært nasjonaleiendom med offentlig park, museum og kongebolig for Vestlandet siden Michelsens død i 1925.
Hovedbygningen er ofte omtalt som "slottet" blant bergensere som ser den ruve over Fjøsangerbukten langs den sørlige hovedinnfartsåre til Bergen. Huset er riktignok ikke et slott, men har likevel sitt forbilde i en skotsk borg." http://www.gamlehaugen.no/


Det var ein kjempe fine plass med stor hage (les park) og badeplass. Vedlig idyllisk! På veg him tok eg turen innen nærmeste butikk og kjøpte meg Royal-is=)


I morgen er det prosessveildeningssamtale og tur til Ulriken med Marte. Det vert nok kjekt!
Ps: Kameraet mitt på mobilen har ein svart flekk, den du ser går igjen på alle bileter. Det er altså kun ein artefakt, ikkje noko meir muffins enn det;)

tirsdag 12. mai 2009

Solbrændt!

Det gjekk så det måtte etter ein dag på terrassen utan solkrem (eg klare ikkje smøre meg sølve på ryggen). Nå er eg da delvis solbrendt på ryggen, det vi lsei at den eine skuldera er vesentlig meir raud enn den andre. Det vert resultatet når ein ikkje får like mykje sol på heile ryggen:p

Ellers har me fått det siste lammet, det kom i går. Nå er altså lemminga offisielt ferdig=) Har ikkje ant lam i hovudet, men det kan eg heller komme tilbake til=)

Turen til Nattlandsfjellet (som viste seg å vær eit byggjefelt og ikkje ein eigentleg topp) var kjempe=) Det var også lett å følgje stien, da det var ei lysløype(!). Kjekt det, men den kommer ikkje meg tilgode nå, det hadde vært bedre om eg visste om denne turen tidlegare, då det ennå var mørkt om kveldane:p Men men, ein kjempe tur så freister til gjentagelse!!

mandag 11. mai 2009

Fri!


I dag har eg fri=) Jippii!!! Sitte nå ute på terrassen min i Bergen og slikker sol. Venter bare på at sola skal komme høgt nok til å dekke terrassen skikkelig, så skal eg legge meg ned å sole meg=) Ellers planlegger eg meg ein tur seinare i dag. Trur eg skal gå på Nattlandsfjellet (trur det heiter det), og på torsdag planlegger eg og Marte å gå på Ulriken. Eg er i ein slik periode at det å jogge ikkje er særlig kjekt, derfor vert det heller fleire turer på fjellet. Ikkje har eg lyst å trene innandørs når det er så fint ver heller. Men i dag skal eg bare nyte den uplanlagte fri-dagen=)
Har forøverig kunnet laste ned bileter frå mobilen i dag, så nå har eg lagt ut bileter under innlegget, "ingen bileter i dag"=)

torsdag 7. mai 2009

Hysj hysj..


I går fekk eg melding av Studentboligene at siden me nå nærmer oss eksamensperioden, krever det ekstra stillhet i studentboligene (min eksamensperiode er over for lenge sidan, men den var den ingen som tok hensyn til nai!).
Så i natt kl 01.00 gjekk brann-alarmen, ingen ro i bygget vårt nai. Haha, der fekk dei tilbake dei så ikkje var stille når eg hadde eksamensperiode:p Brann-alarmen var sjølvsagt "falsk" i den grunn at det ikkje var brann, kun nåke svidd i ein eller anna steikeovn (les ein som har vært på fylla og skulle ha seg natt-mat).
Ironien er då at på skulen i dag gjekk også brann-alarmen, kun øving vel og merke. Eg kjenner på meg at brann-alarmene har forfølgt meg dei siste 24 timer. Håper bare ikkje brann-alarmen går på ferja mellom Halhjem - Sandvikvåg i dag.. Eg er vorte lei av høg uling og undring på om det verkeleg er brann eller kva det er..

tirsdag 5. mai 2009

Ingen bileter i dag..








(Ja, då har eg prøvd i heila dag å få lasta opp biletene frå mobilen min uten nåke hell. Derfor ingen bileter i bloggen i dag:( ) I dag fekk eg til å legge ut bileter, 05.11.09=) Enjoy!

Siden sist har eg vært på rosettball. Kjempe god mat, men dårlig bordplassering. Gjekk him i 11 tida da det viste seg å ver korpsinspirert musikk, og dei me gjekk i saman med gjekk kl 10.

Var i konfirmasjon til Vegard, syskjenbarnet til Torbjørn, på lørdag. Etter konfirmasjonen tok me med oss syskjenborna mine, Sindre, Tiril og Tuva med til Sveio. Me kom him i 7 tida og planen var då å lage pizza og kose oss med finale i det store korslaget. Kvart på 8 går straumen noko som resulterer i ingen pizza eller korslag:(

Det vart i standenfor fotball (mitt lag vant sjølvsagt=) og hente seg "frukost-egg" hjå hønene til svigers. Straumen kom tilbake i ti tida. Pizza lages og steikes. Pizza servering etter gladnyhenden om at Team Hanne vant det store korslaget=)

Søndag tidleg opp og ut i fin veret. Sindre henger med Torbjørn og Magnus heile dagen, jobbing der ja! Eg og jentene koser oss med lam i bånd, ridning og turgåing der me også kjem over ein aldri så liten hoggorm. Me såg kor den bodde, men som Tuva sa, så trenge me ikkje gå på besøk sjølv om me vet kor den bur!
Søndag kveld merker eg og Torbjørn lam nr 150=) Mandag reiser eg til Bergen.. I Bergen er det jobbing med bacheloren og ellers kjedelig, regn..




onsdag 29. april 2009

Bromm, bromm


I dag hadde Torbjørn oppkjøring på lastebil, og han BESTO!!! Eg er kjempe stolt av han! Nå er han super klar til sin nye jobb i Sveio kommune, i juni=)


I morgen er det for øverig Rosettball på skulen der eg og Torbjørn skal kle oss opp i galla og ete ein treretters middag med dans og nachspiel dersom me orker det. Satser på at det vert ein flott kveld, og at me kan ta eit fint bilete hjå fotografen=)

mandag 27. april 2009

Siste vakt på Stord sjukehus

Eg hadde då siste vakt på Stord sjukehus denne helga. Det var veldig trist å vite at eg ikkje skal jobbe der mer. Eg har stor kost meg med å jobbe der. Det er ein kjempe kjekke gjeng på laboratoriet og kjekke arbeidsoppgåver. Som ein takk for hjelpen denne våren fekk eg ein lite oppmerksomhet. Det var utvalgte gåver som dei også deler ut til blodgjevere. Eg fekk blandt anna to turkise handkler, ein kopp med snorkfrøken på, tre par sokker og ein sekk.



I helga merket merket me resten av dei nyfødde lamma, og me er nå oppe i rundt 130 lam viss eg ikkje tar heilt feil. Så nå nærmer det seg slutten=)
I dag har eg og Siw Therese frå klassen gått opp på Løvstakken som er 422 m.o.h. Det var ein veldig fin tur med sol heile turen=) Me var for øverig overraska over at me ikkje møtte på så mange folk. Det er jo ein topp som ligger rett ved byen. Men me fant den forklaringen at dei sikkert hadde gått der i helga:p

Her er målet vårt!

Her er Fyllingsdalen sett frå Løvstakken.Her ser ein tvers over til den mer kjente toppen Ulriken.Her er toppen nådd!=) Kamera på mobilen klarte å lage seg ein liten regnboge som eigentleg ikkje var der:p


I mårå har me på bacheloroppgåva undervegspresentasjon der me skal presentere for resten av klassen kor langt me er kommet på vår oppgåve og kva me har funne ut så langt. Sidan eg har dårlig erfaringer med framsyninger vert det å dekke meg med mykje pudder for å holde raudfargen i sjakk;) Etter framsyninga skal heile gruppa ut å ete pizza. Det vert nok kjekt!