søndag 21. juni 2009

Velkommen til Sveio, bioingeniøren Anita!

Når er eg endeleg ferdig med utdanninga mi! Nå har eg ein bachelor på CV`en som viser at eg er ein autroisert bioingeniør. No manglar det bare vitnemålet som kjem i posten dei nærmaste dagane=) I mårå byrjer allereie første dag på jobb på laboratoriet på Hgsd sjukehus, men eg gler meg og er veldig klar til å gå ut i arbeit.


På laurdag fekk eg (!) post (vanlegvis bare Torbjørn som får post i denne heimen:p)! Den var frå Sveio kummune, og det viste seg at dei hadde sendt meg ei skattekiste. Ei skattekiste som ynskja meg velkomen til Sveio, og takka for at eg hadde vald Sveio som min bustadskommune. Hyggeleg det. Ellers inneheldt skattekista kart over Sveio, gratis Vestavind i 3 mnd (men det har me frå før), telefon nr til mange ulike organisasjoner og foreninger, ja alt ein treng å vete om sin bustadskommune. Takk for velkomsten Sveio!!!=)

søndag 14. juni 2009

Siste veke i Bergen!

Då trer eg snart inn i mi siste veke her i Bergen=) Og det merkest skal eg sei dere!! Har rydda ut av hybelen nå å sitter igjen med kun ei sko-hylle (fungerende natt-bord og databord), feltseng frå IKEA, strykebrett (stryke bunadskjorten til avslutningen på onsdag) og terrasebord som fungerende TV bord. Eg har lenge undra på om eg verkeleg kunne ha igjen TVen her i Bergen da det er ein stor og tung sak. Eg frykta rett å slett at eg ikkje ville kunne bære den ned i bilen min aleine på torsdag. Det hadde vorte ei kjedeleg veka utan TV!! Det viste seg då, som antydet, at eg klarte vertfall å løfte å flytte litt på TV her inne på hybelen, så nå står det nå her. Så får eg bare krysse fingrene for at eg får det i heile deler ned i bilen når den tid kjem=)


Eg skulle vel eigentleg i skrivande stund vært litt meir skuleflink og lest og øvd meg til framsyninga i mårå (eksamensoverhøring i bacheloroppgåva), men eg er rett å slett møkk lei heile bakkelorten. Har jo tross alt jobba med den i tre månader nå, dessutan trur eg eg kan stoffet ganske godt. Viss sensor spør for vanskeleg får eg vel heller satse på at faglærar vil kunne tre støttende til:p


I helga var eg og Torbjørn ute å åt nede på bryggen, på Harbour cafe og resturant (trur det var det den hette) veldig god mat vertfall. Videre gjekk me langs festningen på bryggen (alltid tatt bussen forbi der og hatt kjempe lyst til å ta turen der sjølve) før me tilslutt gjekk på kino, Engler og Demoner. Ja, eg vet me er seint ute med å sjå den, men beitre seint enn aldri! Uansett ein kjempe film, litt skummel (eg satt ved siden av ei dame i 50-årene og me satt begge med fingrer i ørene på de litt skumlere scenene, sikkert litt av eit syn(!)), men ein god filmatisering av ei god bok!

onsdag 10. juni 2009

8 dager!

I går då eg tok min siste tur til Bergen i skulesamanheng så var sjølvsagt den fjera eg sko ta kansellert(!) Takk Fjord 1 for at dåkke gjorde den siste turen min opp til Bergen så lang!!



Nå er det kun åtte dager til eg flyttar him for godt! Det som gjenstår nå er å øve på framsyninga som me skal ha mandag kl 09.00! Mandag kveld skal me på gruppa ut å ete pizza på peppes, nytte gåvekortet som me fekk av NOKLUS. Kanskje vert det eit par øl og? Kven vet?;) Tirsdag og onsdag er det EXPO der me vil ha ein plakat og stand der me vil presentere oppgåva for "allmennheten". Me skal i tillegg til ein plakat ha dart på vår stand. Med darten skal vi visualisere begreper som presisjon og nøyaktighet, samtidig som forbipasserende også kan teste deira presisjon og nøyaktighet. Det vert nok kjekt det=)




Torbjørn kjem opp i helga for å hente det store flyttelasset. Må jo få allt rapen him igjen. Eller så har me fått lagd oss bed hima i Sveio, rydda litt utforbi, rundballa i helga og i skrivende stund forhauster Torbjørn hima i Sveio. Eg sko gjerna vert med å stå i siloen, men det får heller vente til andre slotten.


Sånn i forbifarten kan eg også få med at eg har nå kjøpt meg brudekjole(!) ein heilt fantastisk ein sådan!! Det var opphørssalg på Amor i Haugesund, alt skal ut. Eg nytta dermed anledningen til å prøve kjoler, og endte opp med å kjøpe både kjole, slør, sko og tiara!! Ja, ja sånn kan det gå:p


I kveld skal eg til ei i klassen å saman skal me heie på handballgutane fram til seier!! Heia Noreg!

tirsdag 2. juni 2009

Levert!

I dag leverte me bachelor oppgaven! Me hadde planlagt vertfall 3 dager til trykking, men da vi leverte den til trykk tok det kun 30 min før me spaserte ut av allkopi med 8 eksemplarer av bacheloren under armen, nei i ein pose meiner eg sjølvsagt! Det var vanvittig deilig å ha fått den trykket og levert. Nå er det niks more å fikse på!! Nå skal me bare lage sammen ei mappe med forskjellig andre ting som sjølvrefleksjon, stausrapporter og div før heile oppgåva er fullstendig levert!

Det som gjenstår på timeplanen nå då er å lage ein plakat til EXPO stand (ein stand for å vise fram oppgåven på skulen som utenforstående kan beskue) og eksamen presentasjon den 15. juni. Men den presentasjonen er jo den same som den som me hadde på NOKLUS, så det trur og håper eg er i boks. Deilig altså! Nå ser eg verkeleg ein ende på min tid som student/elev!!