onsdag 29. april 2009

Bromm, bromm


I dag hadde Torbjørn oppkjøring på lastebil, og han BESTO!!! Eg er kjempe stolt av han! Nå er han super klar til sin nye jobb i Sveio kommune, i juni=)


I morgen er det for øverig Rosettball på skulen der eg og Torbjørn skal kle oss opp i galla og ete ein treretters middag med dans og nachspiel dersom me orker det. Satser på at det vert ein flott kveld, og at me kan ta eit fint bilete hjå fotografen=)

mandag 27. april 2009

Siste vakt på Stord sjukehus

Eg hadde då siste vakt på Stord sjukehus denne helga. Det var veldig trist å vite at eg ikkje skal jobbe der mer. Eg har stor kost meg med å jobbe der. Det er ein kjempe kjekke gjeng på laboratoriet og kjekke arbeidsoppgåver. Som ein takk for hjelpen denne våren fekk eg ein lite oppmerksomhet. Det var utvalgte gåver som dei også deler ut til blodgjevere. Eg fekk blandt anna to turkise handkler, ein kopp med snorkfrøken på, tre par sokker og ein sekk.



I helga merket merket me resten av dei nyfødde lamma, og me er nå oppe i rundt 130 lam viss eg ikkje tar heilt feil. Så nå nærmer det seg slutten=)
I dag har eg og Siw Therese frå klassen gått opp på Løvstakken som er 422 m.o.h. Det var ein veldig fin tur med sol heile turen=) Me var for øverig overraska over at me ikkje møtte på så mange folk. Det er jo ein topp som ligger rett ved byen. Men me fant den forklaringen at dei sikkert hadde gått der i helga:p

Her er målet vårt!

Her er Fyllingsdalen sett frå Løvstakken.Her ser ein tvers over til den mer kjente toppen Ulriken.Her er toppen nådd!=) Kamera på mobilen klarte å lage seg ein liten regnboge som eigentleg ikkje var der:p


I mårå har me på bacheloroppgåva undervegspresentasjon der me skal presentere for resten av klassen kor langt me er kommet på vår oppgåve og kva me har funne ut så langt. Sidan eg har dårlig erfaringer med framsyninger vert det å dekke meg med mykje pudder for å holde raudfargen i sjakk;) Etter framsyninga skal heile gruppa ut å ete pizza. Det vert nok kjekt!

torsdag 23. april 2009

Ulriken 2

Der har eg vært oppe på Ulriken igjen. Kjempe tur! Denne gangen fekk eg selskap av ei venninne frå klassen. Neste veke skal eg ta turen på Løvstakken. Der har eg ennå ikkje vært. Her kjem nokre fine bileter frå turen!

mandag 20. april 2009

Lam i bånd, ikkje på matfatet..

Merker det på heile meg at det nærmer seg sumar nå. Eg slapper faktisk mer av når dagene vert lysare, det er akkurat som om dagane vert lengre. I helga hadde eg skikkelig sumarkjensle. Sola skein og eg vart sjølvsagt solbrende. Men lærte av mine feil og smørte meg med solfaktor 12 på søndagen;) Då eg var ute å rei tok eg meg i å ynskje at det var varmt nok til å bade i sjøen. Det var så fint med sol og blå himmel! Naiv så eg va då eg rei ut på tur hadde eg ikkje jakke på meg, vinden var kald, og ynskje om å bade vart like fort vekke som det hadde komt.

Ellers fekk eg det for meg at det eine, det store, ale-lammet skulle få nyte sola og det fine veret. Så eg fiksa det slik at eg kunne gå med det i bånd ute. Stor stas for både lam og matmor. Han, Blindy, fekk plass på plenen forann huset og var nøgd med det. Litt morosamt da bøssebæreren kom på søndag, ho syntes det var særs snålt å ha eit lam i bånd=)
Vanskelig å få eit bilete der han hadde hovudet i ro.:p Han likte godt å sjå (og rope) på dei andre sauene og lamma deira som også går ute om dagane.

Hardt å ver ute i det fina veret=)

Dei sjønne gutane mine=)

fredag 17. april 2009

Tankevekker!


Som vanlig etter å ha starta dataen tar eg min vanlege titt innan sol si startside. Der ligg det alltid aktuelle nyhender frå det siste døgnet. I dag hadde dei imidleritd bloggen til ei 18 år gamle jente med diagnosen AML (akutt myelogen leukemi, blodkreft) som hoved nyhende, med overskrifta "Jeg skal dø". Eg gjekk inn på bloggen hennar og gjekk ikkje ut i frå den før eg hadde lest abselutt alle innlegga hennar! For ein tankevekker. Livet hennar hadde plutselig snudd, frå å dreie seg om kva festar ho sko på til helga, til å ikkje gje opp håpet på livet, da beinmargstransplantasjonen ikkje vart vellukka. Ein skikkelig sterk blogg, og heilt fabelaktiv skriven av ei ung jente i sitt livs kamp, kampen mot kreften.


Sjekk ut bloggen hennar på: http://sinober.blogg.no/

onsdag 15. april 2009

Årets første ulriken!

Her er eit bilete av tårnet oppe på Ulriken. Kafeen der oppe er under opprustning og skal vel opne til sumaren vil eg tru=)










Ja, då har eg, endelig, gått opp Ulriken. Eg har ikkje fått tid til det tidlegare, blant anna fordi det har vært snø på toppen ganske lenge, og i påsken var eg jo hima i Sveio. Men nå har eg altså gått årets første tur, og det kjem nok fleire vil eg tru. Kjempe tur!


Dersom du ikkje vil gå eller ta gondolen kan du jo alltids ta sykkelen fatt å sykle opp Ulriken. Eg traff ikkje nåke syklister på min tur ned, men kan ikkje forstå at nåken faktisk sykle opp (eller ned) den bratte vegen! Eg gjekk for øverig opp ein anna sti enn eg gjekk ned.

søndag 12. april 2009

Påsken 2009

Ja, då var påsken snart over for i år. Eg har hatt ein kjempe påske. Eg har blant anna jobba 3 dager på Stord sjukehus, vært jordmor i sauehuset, ridd masse, åte masse middager og masse snop=) Eg har også hatt bursdag, med bursdagsfeiring der heile selskapet først gjekk til ryvarden, for deretter å grille, ri og sjå på lam her hima på garden. Ein kjempe koselig dag med fint ver og godt selskap=)


Hestene ligger å koser seg ute.



Pissemaur-tue, sikkert vårtegn. Biletet er tatt frå ein av dei mange kjekke rideturane mine.

Enya og Fabian ute å rir tur. Begge er vorte kjempe flinke til å ri!
I dag har eg, Torbjørn og Magnus vært å sitt på litt lokal historie. Me har vært å kikka på bunkerser og andre ting fra krigen som tyskerene laget seg til langs kysten her på bømlafjorden. Ufattellig kva dei har fått til å lage midt i tjukkaste skogen. Ein veldig kjekke tur så frister til gjentakelse ein seinare tid.

Torbjørn og Magnus utenfor ein bunkers.


Bilete sett ut frå ein bunkers der dei kunne skyte ned skip og andre ting dei ville skyte ned, eller bare til å sjå ut av..
Utsikten tyskerane hadde frå kanon-plassen.
Eg posere oppå kanten der kanonene sto.

Kanon-plassen..

Magnus utenfor ein bunkers.


Ellers vil eg tru at lamme-talet i sauehuset nærmer seg opp mot 70-80 lam nå. Dersom det er fint ver i morgen vil me sleppe dei ut for første gang. Det vert løye å sjå når lamma hopper og danser ute i sola=)

onsdag 1. april 2009

Status i sauefjøset

Ja, då har det seg sånn at me frem til i dag, kl 10.16 har fått 37 lam=) To av desse lamma er tatt til kopp-lam da de hadde for mange søsken (trillinger). Mendet er mange fleire lam i vente!

Ellers går eg å vente spent på neste fødsel. Har ikkje komt lam på 2-3 dager nå, å eg kjenner at eg begynner å verte utolmodig:p Eg tilbringe dagane hima der eg arbeider litt med bacheloroppgåva, samstundes som eg leker sauejordmor. Kjekt det=) Eg legger ut nåken bileter av dei skjønne lamma som allereier er komt til denne verden.




Eg liker å tru at dei trur eg er den nye mammen deira.
Eg liker også å leke reserve-mamme=)

Dei to kopp-lamma våre (mest mine!)