mandag 20. april 2009

Lam i bånd, ikkje på matfatet..

Merker det på heile meg at det nærmer seg sumar nå. Eg slapper faktisk mer av når dagene vert lysare, det er akkurat som om dagane vert lengre. I helga hadde eg skikkelig sumarkjensle. Sola skein og eg vart sjølvsagt solbrende. Men lærte av mine feil og smørte meg med solfaktor 12 på søndagen;) Då eg var ute å rei tok eg meg i å ynskje at det var varmt nok til å bade i sjøen. Det var så fint med sol og blå himmel! Naiv så eg va då eg rei ut på tur hadde eg ikkje jakke på meg, vinden var kald, og ynskje om å bade vart like fort vekke som det hadde komt.

Ellers fekk eg det for meg at det eine, det store, ale-lammet skulle få nyte sola og det fine veret. Så eg fiksa det slik at eg kunne gå med det i bånd ute. Stor stas for både lam og matmor. Han, Blindy, fekk plass på plenen forann huset og var nøgd med det. Litt morosamt da bøssebæreren kom på søndag, ho syntes det var særs snålt å ha eit lam i bånd=)
Vanskelig å få eit bilete der han hadde hovudet i ro.:p Han likte godt å sjå (og rope) på dei andre sauene og lamma deira som også går ute om dagane.

Hardt å ver ute i det fina veret=)

Dei sjønne gutane mine=)

4 kommentarer:

FamilienK sa...

Fantastisk :-) flotte bakgrunn du har på hjemmesiden..

Anita sa...

Takk for det. Eg er nøgd med bakgrunnen ja=)

Anonym sa...

Åååå... Nå kom gode minner fra :) Når eg va mindre og farfar fortsatt hadde sauer, tok an allti det litla lamme så blei utstøtt fra morå el lignande og satte det i band i hagen :) Syns allti det va lika stas :) Så tusen takk for fine bilder ;)

Go natt :)
Klem Karina

Anita sa...

Så kjekt at det faller i smak Karina=)