fredag 17. april 2009

Tankevekker!


Som vanlig etter å ha starta dataen tar eg min vanlege titt innan sol si startside. Der ligg det alltid aktuelle nyhender frå det siste døgnet. I dag hadde dei imidleritd bloggen til ei 18 år gamle jente med diagnosen AML (akutt myelogen leukemi, blodkreft) som hoved nyhende, med overskrifta "Jeg skal dø". Eg gjekk inn på bloggen hennar og gjekk ikkje ut i frå den før eg hadde lest abselutt alle innlegga hennar! For ein tankevekker. Livet hennar hadde plutselig snudd, frå å dreie seg om kva festar ho sko på til helga, til å ikkje gje opp håpet på livet, da beinmargstransplantasjonen ikkje vart vellukka. Ein skikkelig sterk blogg, og heilt fabelaktiv skriven av ei ung jente i sitt livs kamp, kampen mot kreften.


Sjekk ut bloggen hennar på: http://sinober.blogg.no/

Ingen kommentarer: