onsdag 26. november 2008

Med hjarta på rette staden!


Jaha, det har seg sånn at i dag har eg fått sitt på menneskelege organer! Det vil sei, hjarte, lunger (med tilhøyrande tunge!), milten, lever, urinleiaren og nyrene og ein arterie (blodåra der blodet kjem ut frå hjarte). Det var veldig spanande og lærerikt! Det er heilt utrolig korleis me eigentleg ser ut inne i kroppen vår. Bare for å nevne det så er levera utrolig stor altså! Det vil sei kjempe stor!! Veldig interesant. Me måtte som du ser på bilete kle oss skikkelig opp, med grøne frakkar og alt mogeleg. Munnbind var for å minimalisere lukta, men den var ikkje så tydelig før læraren tok opp urinleiaren og fortalte om den. Lukta var då naturlig nok litt gammel urin lukt. Etter jul får me tilbod om å vere med på ein obduksjon, og det vurderer eg sterkt å være med på!


Eller er det ei veke til første eksamen, nåke så innebærer at dagane går med til å gjere gamle eksamensoppgåver, dagdrauming om både hovedoppgåva, neste sumar, det å gå ut i jobb til neste år, samt bryllups ting. Med andre ord møkje aktivitet i hjernen for tiå:p

onsdag 12. november 2008

Eksamen!

Ja, nå nærme det seg eksamen med stormskritt. Eg kjenne på heile kroppen at eksamensangsten har slått seg ned. Dagen består dermed av møkje lesing, litt trening og tanken på å lese, å at eg heller skulle lest enn til dømes å sitte her å oppdatere bloggen!! Eit lite avbrekk fra lesinga på lørdags kveld må eg allikevel rekne med. Då er det nemlig duka for linjefesten, populært kalt julabord, på skulen. Det vil sei at dei tre linjene, bioingeniør, kjemiingeniør og aquakultur saman med tilhøyrande foreleserar kosar seg med god mat og drikke i skulens kantine, og fortsetter festen etterpå nede i skulens eget festlokale. Me kler oss her fint, og i den anledning så har eg lånt kjolen til min kjære søster May Linn=) Ellers så reise eg him til min kjære først helga den 21. nov og vil ikkje komme igjen før endt eksamen. Eg har nå "bare" to eksamener nå før jul, men allikavel grue eg meg. Eksamensdagane er 3. des og 10. des, så dei så vil kan tenke litt ekstra på meg dei dagane:p








Ellers glede eg med til jul. Eg har blant anna tenkt ut kva eg og Torbjørn skal kjøpe til dei fleste, men presangane er ennå ikkje kjøpt. Den tid, den sorg;) Men nå var det vel nok skriblerier. Nå skal eg vaske kler og begynne å lesa litt igjen=)