torsdag 29. januar 2009

God nytt år godt folk!

Og gratulera med dagen i dag mamma!
Mine og Torbjørn sine nyttårs forsett:
  1. Ikkje ete snop i kvardagen (helga starte fredag etter kl 18.00)
  2. Ikkje drikke brus i kvardagen (mest Torbjørn sin)
  3. To porsjoner chips eller popcorn per veke (den var min ja)

Den som bryt dette av meg og Torbjørn må ta ut av oppvaksemaskinen resten av månaden:p

Mine nyttårs forsett:

  1. Ikkje sluntre unna trening:p
  2. Få fast jobb før året er omme.
  3. Spare penger til bryllup.
  4. Gjere meg ferdig på skulebenken!

Midt oppi alt aent..

Ja, då var det lenge sidan eg har oppdatert bloggen, men det er så mykje så skjer på både skule og jobb for tida. Ja, jobb faktisk. Eg skal jobbe litt på Stord denne våren og har mi første vakt førstkommande laurdag. Eg gler meg kjempe mykje da eg stortrivdes der i sumar.


Ellers er det mykje så skjer på studentfronten, med mykje praksis, kun praksis faktisk. Har ikkje hatt og skal ikkje ha nokon form for undervisning dette siste semesteret. Me har kun praksis, eksamen og deretter bacheloroppgave igjen. Saman med praksis er det sjølvsagt mykje rapporter å skrive, og å rette dersom dei ikkje vært godkjend med ein gong. Innimellom praksis og rapport skriving skal me også finne tid (og overskot) til å lese til eksamen og forberede oss til bacheloren! Den 16. februar skal eg også ha ei veke praksis på Haugesund sjukehus og det gler eg meg veldig til. Då får eg også ein sjanse til å vise kven eg er der, slik at dei lettare kan vurdere meg til jobb når den tid kjem=)

Bachelor oppgaven eg skal skrive går ut på å samanlikne måling av PT-INR på to ulike maskiner, der den eine vert nytta fortrinnsvis på legekontor og den andre på sjukehus. Dette vert gjort for at dei resultatene som ein får på legekontor også skal gjelde på sjukehus når ein analyserer med ein anna maskin. Forrsten så vert PT-INR målt for å angje marevan dosen til dei som går på marevan (blodfortynnande) så det er viktig at begge måleinstrument gjer ut tilsvarande likt svar, og rett svar. Så dette kjem til å verte ei spanande oppgåve med stor nytteverd!


Siden sist har eg faktisk vært på obuksjon her på haukeland sjukehus. Det var veldig spesielt, og ikkje for sarte sjeler. Å bare for å ha det sagt. Det trenger ikkje å gjenta seg for min del!


Ellers er eg veldig spent på om det kjem føll til sumaren eller kva det gjer. Sonja er feit som fa**, så håpe det er liv inni der!! Her er forøvrig eit bilete av Sonja som føll, sånn at me vet kva som forhåpentleg venter oss. Dette er då eit bilete som var tatt i samband med takkekort til konfirmasjonen min. Så takkekorta vart send ut litt seint for min del då eg måtte vente til føllet var fødd før eg kunne ta bilete;)