fredag 27. februar 2009

Våren på anmarsj!

Ja, då har eg fått ein smak av den fantastiske våren. Dette til tross for at eg sit å les til eksamen om dagane. Det er nemlig slik at eg står tidlig opp, og innen kl 08.00 sit eg oppe på loftet å les. Dette gjer eg fram til rundt 15.00 då eg begynne på middag slik at den er klar til Torbjørn kjem him frå jobb. Etter middag er det ut å kose seg, eller ver inne å gjer ein liten smule husarbeid:p




Eg har nå endelig begynt å ri i utmarka igjen, etter vinter og regn og kun asfalt å ri på var det eit delig avbrekk å ri i utmarka igjen. Å seinest i går fekk eg veldig nærkontakt med naturen. Først ser eg eit dådyr så beite oppe på håyen. Vidare rir eg mot bønestjønet så det visst nok hette (eg likar å kalle det svanevatnet sidan det er svaner der) så plutselig ser eg ein rev så luska så rolig å fornøgd. Men da den fekk auge på meg, Sonja og Ary fekk den fart på seg ja. For ein herlig opplevelse! Eg trur aldri eg har sett ein rev i vill tilstand, å vertfall aldri på så nært hold! Var sikkert ikkje mer enn 40-50 meter mellom oss!!! Å ikkje nok med det. Rundt ti minutter seinere ser eg ein flokk dådyr (kvite i ræva, då er det dådyr, ikkje hjort) så springe utover i utmarka. For eit herlig syn!! Naturen her er heilt fantastisk!! Dessutan er det kjekt med sånne små avbrekk nå så eksamen nærme seg. Eg reiser til Bergen på søndag, å kjem ikkje heim igjen før eksamen er unnagjort!







Biletene under er henta frå nettet, då eg ikkje hadde anledning til å ta bilete av dei eg såg. Alt gjekk så fort:p






Å så har det seg sånn at eg har fått meg viakriat på Haugesund sjukehus frå 22.juni til og med 28. februar neste år. Det er kjempe deilig å ha det i boks, slik at eg ikkje treng å tenke på det meir. Det vert ikkje nåke sumarferie på meg denne sumaren, men det var eg inneforstått med, derfor jobba eg ikkje i jula, å hadde av den grunn tre veker ferie då. Eg rekne nok med at eg tar meg ei lita ferie veke ut på hausten sånn at litt ferie får eg nok. Eg fekk faktisk jobben utan å gå på jobb interjuv, så når eg fekk brev i posten saman med kontrakt vart eg litt overraska kan du sei. Eg hadde faktisk praksis på sjukehuset førre veke, å då sa hu sjefen at dei ikkje hadde for vane å ansette folk dei ikkje visste kven var utan å ha interjuv. Men sidan eg hadde jobba på Stord å hu, sjefen, hadde snakka med sjefen min på Stord såg hu det ikkje naudsynt å kaste vekk tid på interjuv. Så eg kan jo bare trekke den konklusjonen at eg har fått gode referanser frå Stord!!=)


I helga skal eg og Torbjørn ver barnevakt på Karoline (snart 5 år) og Kristoffer (snart 2,5 år), ungane til Kjersti Anita. Så det vert nok morsomt det, både for store og for små kan eg tenke meg =) Dei skal overnatte frå laurdag til søndag.

torsdag 12. februar 2009

Home sweet home!

Ja, då var eg komt meg him igjen. Og nå skal eg være hima i nesten 3 veker. Eg skal mellom anna ha praksis på Haugesund sjukehus, og håper å gjere eit godt inntrykk der sånn at ein eventuell jobb der i framtida (sumaren) ikkje er så langt unna=) Der skal eg då ver i ei veke (byrjar mandag), og etter det er det fullt eksamens modus. Siste eksamener ligger nå for tur, henholdsvis 9. og 13. mars. Det skal verte godt å få dei overstått. Etter eksamen er det "bare" bachelor oppgåva igjen.

Scanning av sauene vart gjort i helgå. Rundt hundre sauer vart scanna (lyst for kor mange lam dei har). Han lysaren sa han skulle komme kl 8 lørdagskveld, men kom ikkje før halv ti. Så me venta ei stund før han kom. Me holdt på i vel ein time å scanne, å etter det var det kvelds for både folk å sauer. Sauene kan ikkje få mat dei siste 12 timene før scanning. Det vert visst nok beitre resultat på tomme mager.
Me hadde og lyst til å lyse hesten for å sjå om hu har føll eller kva hu har, så hu fekk heller ikkje mat, stakkars. Men det viste seg at lysaren ikkje kunne scanne hu. Han hadde prøvd det før, men hadde ikkje hatt vellukka resultat så han meinte det ikkje var vits å prøve. Så då hadde hestane ikkje fått mat for ingenting stakkarane. Men dei fekk nå mat med eingong eg fekk det avkrefta. Då vart dei glae vettu=)

Ellers er kattane sendt til kastrering i dag. Dei var litt ville i buret når me satt dei i bilen, akkuratt så dei forsto at nåke skulle skje:p Lure på korleis dei kjem til å oppføre seg nå? Me håper vertfall at Mikke slutte å reke rundt omkring, og at han slutter å sloss å skade seg.

To skeptiske katter på veg til dyrlekjaren


Så heilt til slutt vil eg bare sei at eg elske at det er snø å kvitt ute. Eit blåmerke på leggen vil bekrefte det. Eg hadde meg ein tur på rattkjelken og med mine alt for lange bein slo rattkjelken opp i leggen min etter eit lite hopp i bakken her:p Hestane er ute heile dagene å storkoser seg i snøen. Det er knall gøy å ri i snøen!



Susi i snøenBegge hestene koser seg ute=)


Fint bilete av Sonja!