torsdag 12. februar 2009

Home sweet home!

Ja, då var eg komt meg him igjen. Og nå skal eg være hima i nesten 3 veker. Eg skal mellom anna ha praksis på Haugesund sjukehus, og håper å gjere eit godt inntrykk der sånn at ein eventuell jobb der i framtida (sumaren) ikkje er så langt unna=) Der skal eg då ver i ei veke (byrjar mandag), og etter det er det fullt eksamens modus. Siste eksamener ligger nå for tur, henholdsvis 9. og 13. mars. Det skal verte godt å få dei overstått. Etter eksamen er det "bare" bachelor oppgåva igjen.

Scanning av sauene vart gjort i helgå. Rundt hundre sauer vart scanna (lyst for kor mange lam dei har). Han lysaren sa han skulle komme kl 8 lørdagskveld, men kom ikkje før halv ti. Så me venta ei stund før han kom. Me holdt på i vel ein time å scanne, å etter det var det kvelds for både folk å sauer. Sauene kan ikkje få mat dei siste 12 timene før scanning. Det vert visst nok beitre resultat på tomme mager.
Me hadde og lyst til å lyse hesten for å sjå om hu har føll eller kva hu har, så hu fekk heller ikkje mat, stakkars. Men det viste seg at lysaren ikkje kunne scanne hu. Han hadde prøvd det før, men hadde ikkje hatt vellukka resultat så han meinte det ikkje var vits å prøve. Så då hadde hestane ikkje fått mat for ingenting stakkarane. Men dei fekk nå mat med eingong eg fekk det avkrefta. Då vart dei glae vettu=)

Ellers er kattane sendt til kastrering i dag. Dei var litt ville i buret når me satt dei i bilen, akkuratt så dei forsto at nåke skulle skje:p Lure på korleis dei kjem til å oppføre seg nå? Me håper vertfall at Mikke slutte å reke rundt omkring, og at han slutter å sloss å skade seg.

To skeptiske katter på veg til dyrlekjaren


Så heilt til slutt vil eg bare sei at eg elske at det er snø å kvitt ute. Eit blåmerke på leggen vil bekrefte det. Eg hadde meg ein tur på rattkjelken og med mine alt for lange bein slo rattkjelken opp i leggen min etter eit lite hopp i bakken her:p Hestane er ute heile dagene å storkoser seg i snøen. Det er knall gøy å ri i snøen!



Susi i snøenBegge hestene koser seg ute=)


Fint bilete av Sonja!



2 kommentarer:

FamilienK sa...

Flotte bilder av dyrene. Kose deg heime :-)

Anonym sa...

veldig fine bilder Anita,gratulera deg me jobb på sjukehuset og lykke te me resten av studietida di.klem fra mamma:)))):)