onsdag 26. november 2008

Med hjarta på rette staden!


Jaha, det har seg sånn at i dag har eg fått sitt på menneskelege organer! Det vil sei, hjarte, lunger (med tilhøyrande tunge!), milten, lever, urinleiaren og nyrene og ein arterie (blodåra der blodet kjem ut frå hjarte). Det var veldig spanande og lærerikt! Det er heilt utrolig korleis me eigentleg ser ut inne i kroppen vår. Bare for å nevne det så er levera utrolig stor altså! Det vil sei kjempe stor!! Veldig interesant. Me måtte som du ser på bilete kle oss skikkelig opp, med grøne frakkar og alt mogeleg. Munnbind var for å minimalisere lukta, men den var ikkje så tydelig før læraren tok opp urinleiaren og fortalte om den. Lukta var då naturlig nok litt gammel urin lukt. Etter jul får me tilbod om å vere med på ein obduksjon, og det vurderer eg sterkt å være med på!


Eller er det ei veke til første eksamen, nåke så innebærer at dagane går med til å gjere gamle eksamensoppgåver, dagdrauming om både hovedoppgåva, neste sumar, det å gå ut i jobb til neste år, samt bryllups ting. Med andre ord møkje aktivitet i hjernen for tiå:p

1 kommentar:

Anita sa...

Me fekk forresten ta og kjenne på organa. Det var veldig løye å kjenne korleis dei kjennes ut. Nåke var hardt, mendan til dømes lungene var veldig blaute.