søndag 21. juni 2009

Velkommen til Sveio, bioingeniøren Anita!

Når er eg endeleg ferdig med utdanninga mi! Nå har eg ein bachelor på CV`en som viser at eg er ein autroisert bioingeniør. No manglar det bare vitnemålet som kjem i posten dei nærmaste dagane=) I mårå byrjer allereie første dag på jobb på laboratoriet på Hgsd sjukehus, men eg gler meg og er veldig klar til å gå ut i arbeit.


På laurdag fekk eg (!) post (vanlegvis bare Torbjørn som får post i denne heimen:p)! Den var frå Sveio kummune, og det viste seg at dei hadde sendt meg ei skattekiste. Ei skattekiste som ynskja meg velkomen til Sveio, og takka for at eg hadde vald Sveio som min bustadskommune. Hyggeleg det. Ellers inneheldt skattekista kart over Sveio, gratis Vestavind i 3 mnd (men det har me frå før), telefon nr til mange ulike organisasjoner og foreninger, ja alt ein treng å vete om sin bustadskommune. Takk for velkomsten Sveio!!!=)

Ingen kommentarer: