lørdag 11. juli 2009

Sommer og jobb og andre ting

Tida flyr!!! Eg har begynt å jobbe, så dagane har gått i jobb og skifte kledning på huset. Torbjørn er ein flink kar som står på å jobber dagen lang, med meg og Tore (svigerfar) som "aktive" hjelpere. Resultatet vert flott altså!

Ingen føll i år vart det heller, så nå er hu (Sonja) på ny tur til Stavanger for å prøve lykken i år<3>

Videre er kyrkje og festlokale til bryllaupet bestillt og reservert. Det vert bryllaup neste år 19. juni, visettelse i Skjoldastraumen kyrkje (ikkje fastsatt klokkeslett) og mottagelse i festlokale på vandaskog skule. Eg gler meg verkeleg!
For øverig blomstrar hagen vår godt. Bare sjå sjølve=) Ha ein fortsatt god sumar alle saman!

Ingen kommentarer: