torsdag 7. mai 2009

Hysj hysj..


I går fekk eg melding av Studentboligene at siden me nå nærmer oss eksamensperioden, krever det ekstra stillhet i studentboligene (min eksamensperiode er over for lenge sidan, men den var den ingen som tok hensyn til nai!).
Så i natt kl 01.00 gjekk brann-alarmen, ingen ro i bygget vårt nai. Haha, der fekk dei tilbake dei så ikkje var stille når eg hadde eksamensperiode:p Brann-alarmen var sjølvsagt "falsk" i den grunn at det ikkje var brann, kun nåke svidd i ein eller anna steikeovn (les ein som har vært på fylla og skulle ha seg natt-mat).
Ironien er då at på skulen i dag gjekk også brann-alarmen, kun øving vel og merke. Eg kjenner på meg at brann-alarmene har forfølgt meg dei siste 24 timer. Håper bare ikkje brann-alarmen går på ferja mellom Halhjem - Sandvikvåg i dag.. Eg er vorte lei av høg uling og undring på om det verkeleg er brann eller kva det er..

Ingen kommentarer: