tirsdag 16. november 2010

Om Amerikaturen.

Ja, eg har planer om å skrive det siste blogg-innlegget ang Amerika-turen. Tenkte eg skulle skrive sånn oppsummering. Samstundes som eg underveis skreiv opp typisk amerikanske ting. Den lista har eg framleis, eg ventar bare på at eg skal ta meg tida til å sette meg ned for å skrive den ferdig.

Var i Stv (Fosse) i helga. Der kunne onkel Geir fastslå at Lontå var drektig!! (hadde fått beskjed om å ta både bilete og filma na før me tok turen ned). Så då vart det nok føll i april mnd ein gong. Jippii!!!

Ellers så har eg/me begynt å inseminere sauer. Eg gjekk på kurs for litt siden, og er nå ein ivrig inseminator. Eg har til nå inseminert 3 sauer, 2 hima og ein på Fosse (tante Ellen sin). Dette er kjempe gøy!! Håper bare det vert lam av det då. Kanskje eg ska ta ein bilde-serie sånn at alle kan få sjå.

Men nå må eg visst jobbe litt og. Er på jobb (nattevakt), og folk er visst sjuke heile døgnet her i Hgsd by.

1 kommentar:

FamilienK sa...

Så supert at Lontå venter føll. Gleder oss kjempemye :-))))